FAQ - ofte stilte spørsmål til / om Førdefestivalen:

  • JA! Festivalen blir arrangert 3.-7. juli, i veke 27 som alltid. Og festivalen blir slik vi ynskjer at den skal vere: med artistar og gjester frå heile verda, der vi kan danse og møte nye vener som vi enno ikkje kjenner.

  • Førdefestivalen er ALLTID i veke 27 - frå onsdag til søndag.

  • Skandinavias største festival for tradisjonsmusikk/folkemusikk og verdsmusikk.

  • Ja, alle gåvekort er gyldige i 1 år. Ta kontakt med oss på epost: billettar@fordefestival.no eller tlf 46 90 50 10, så hjelper vi deg.

  • Billettar til festivalen får du kjøpt via programsidene på denne nettsida, på Billettkontoret og på TicketCo.no

    HER er ein billettkjøp-ABC for TicketCo sin handlekorg-funksjon.

  • Kjem du med bil til Førde, skal du følgje skilt til Førdehuset. Her finn du billettbod utanfor hovudinngangen. I billettboda handterer dei billettsal og publikumsinformasjon.

  • Førdehuset er hovudarena med fleire salar, og i tillegg blir det arrangert konsertar på mange andre arenaer i og utanfor Førde.

    Sjå arenakart for fullstendig oversikt.

  • Det er unummererte plassar på nesten alle arrangement. Unntak: Konsertane i Idrettshallen og konserten med fadosongaren LINA_ i Storsalen i Førdehuset.

  • Festivalen har eit tett program, og er difor avhengige av å starte konsertane presis. Publikum som kjem for seint til ein konsert vil sleppe inn under applaus.

  • Førdehuset er eit av Noregs eldste Kulturhus. Det vart oppført i 1976, med restaurering og påbygging i 1997. Her er symjehall, 2 kinosalar med daglege framsyningar, idrettshall, teater, bibliotek, kunstgalleri. I Førdehuset foregår det mykje heile året - konsertar, idrettsarrangement, konferansar, dansegalla etc - og Førdehuset er også hovudarena for det største arrangementet i Førde - som er Førdefestivalen. Les meir på Sunnfjord kommune sine heimesider.

  • Førde er ein by med 13000 innbyggjarar i Sunnfjord kommune, og ligg sentralt i Vestland fylke. Sjekk Sunnfjord.no for andre aktivitetar og opplevingar i området.

  • På fordefestival.no under fana ARKIV.

  • I festivalveka får du informasjon i billettboda som står ved Elvetorget, eller på billettkontoret i Førdehuset. På desse to stadane får du også fysiske kart om du ønskjer det. Her er kart over alle arenaene våre.

  • Vi har busstransport til fleire av konsertane utanfor Førde sentrum. Sjå dei ulike arrangementa for detaljert informasjon. Busstransporten er gratis når du har billett til konserten.

  • Vi har billettvogn utanfor Elvetorget i sentrum ei veke før og under festivalen. Under festivalen har vi også billettkontor i Utstillingssalen i Førdehuset. Så kan du handle når som helt på TicketCo.no - Fullt program vert lansert 4. april i år, og då er billettsalet til alle konsertane i gang.

    Du kan også reservere billettar ved å sende epost til billettar@fordefestival.no eller ringe 46 90 50 10. Vi sender alle billettar digitalt seinast 25. juni, eller gjer annan avtale om levering/henting.

  • Med unntak av dei ulike arenaene på hovudarenaen vår, Førdehuset, vert eventuelle ledige billettar selde ved inngangen på konsertstaden. For konsertar på Førdehuset kjøper ein billettar på billettkontoret der.

  • Førdefestivalen ønskjer helst at du betalar med kort.

  • Du kan bruke begge delar.

  • I festivalveka tek du kontakt med billettvogna utanfor Elvetorget, eller billettkontoret i Førdehuset, så hjelper vi deg der. Dersom det er før festivalen, tek du kontakt med oss på festivalkontoret, tlf 46 90 50 10.

  • Hovudregel er at kjøpte billettar ikkje vert refunderte. Unntak er ved avlysing av konsertar. Vi vurderer også eventuelle byte av billettar.

  • Ja. På TicketCo.no ligg der GÅVEKORT FØRDEFESTIVALEN med 4 prisgrupper.

  • Du kan løyse det inn og 'betale' med det på TicketCo.no og i billettvogna ved Elvetorget/billettkontoret i Førdehuset.

  • Gåvekortet er gyldig i 1 år, men ta kontakt med oss uansett.

  • Vi inviterer til ei programlansering med enkel servering torsdag 4. april (informasjon om tid og stad kjem). Dette er eit ope arrangement, der alle er velkomne. Etter denne datoen er ligg fullt program på heimesida.

  • fordefestival.no og du kan bestille programbrosjyre ved å kontakte oss på epeost eller telefon. Adresser ligg på heimesida.

  • Vi trykkjer ikkje lenger fysisk programkatalog, men publiserer artistomtalar på heimesida. Festivalbrosjyre, familiebrosjyre (oversikt over program som høver for born) og engelsk brosjyre, kan lastast ned frå heimesida.

  • Sjekk omtalar av artistane på heimesida vår, der ligg videoar og spelelister. Du kan også spørje oss om tips.

  • Sjekk ut heimesida vår - fordefestival.no, eller facebook. Send oss ein epost.

  • JA! Vi har mange gratisarrangement i løpet av festivalen. Det er gratis festivalutstilling i Førdehuset heile festivalen, På Torgscena ved Elvetorget i Førde sentrum er det gratiskonsertar torsdag og fredag føremiddag. Dei same dagane har vi også 'møt artisten'-arrangement på ein kafé i sentrum. Onsdag, torsdag og fredag er det også gratis morgonkonsertar i fleire barnehagar i heile Sunnfjord kommune. Laurdag er det arrangement i parken på Festplassen med gratis mat og musikk, og søndag er det festivalgudsteneste på føremiddag, og gratis familiesøndag med konsertar og anre aktivitetar i Førdehuset.

  • Vi har både banekonsertar og barnekurs. Sjekk program - du kan velje 'barn og familie' som kategori og få opp det som finst av barnevennlege konsertar.

    Mange born set også pris på å vere med på dei vanlege konsertane, og vi har særs rimelege barnebillettar til berre kr 75,-

  • Kr 75,-

  • Dei fleste arenaer er tilgjengelege for rullestolbrukarar. Dersom det ikkje er tilrettelagt for rullestolbrukarar, står det nemnt i programmet.

  • Send ein epost til billettar@fordefestival.no, så får du billetten tilsend. Under festivalen kontaktar du billettkontoret i Førdehuset. Du må vise gyldig følgjekort.

  • Alle kan bli frivillige! Meld deg via skjema her.

  • Vi treng frivillige til så mangt, blant anna artistkontakter, billettørar, riggarar, kjøkkenhjelparar, sjåførar m.m. Fullstendig liste over ulike oppgåver finn du her.

    • Over 4 timar: 1 fribillett

    • Over 8 timar: 2 fribillettar

    • Over 12 timar: 3 fribillettar

    • Over 16 timar: medarbeidarpass eller 4 fribillettar

    • Over 30 timar: medarbeidarpass og 2 fribillettar

    *Medarbeidarpasset gir deg gratis tilgong til alle arrangement under festivalen så langt det er plass. NB! Enkelte arrangement med matservering kan vere unntak frå medarbeidarpasset.

    Elles får du mat på jobb, T-skjorte, 50% rabatt på alle festivalartiklar og invitasjon til frivilligfesten på søndagen.

  • Her finn du informasjon om overnatting i Førde og omegn.

  • Ja! Vi har mellom anna eit festivalmatprosjekt i samarbeid med fleire kafear og restaurantar i Førde. Her finn du oversikt over dei.