God Jul og Godt Nyttår!

Julekortet er laga av Piotr Pucylo.

Festivalstaben tek juleferie frå og med måndag 21. desember, og er tilbake på kontoret måndag 4. januar. Vi ønskjer dykk alle ei fredeleg julehøgtid og eit godt nytt år! 

Å mønstre rikdommen i musikktradisjonane kring om på kloden. Å syne fram
vår eigen musikalske kulturarv. Dette har vore Førdefestivalen sitt oppdrag
sidan starten i 1990. I år vart sambandet og slektskapet mellom desse
tradisjonane løfta fram som tema for festivalen: World ConneXions.

Minna frå ein TV-overført opningskonsert og magiske festivalopplevingar i juli
blandar seg med konsertopplevingar frå FolkJazzScena, og ikkje minst den
sterke gleda over å arrangere Bornas Verdsdagar Førde – ein fleirkulturell møteplass som er viktigare enn nokon gong.

Gjennom utveksling av musikk- og kulturtradisjonar kjem vi nærare kvarandre på
tvers av alle skiljeliner. Vi lærer å forstå kvarandre og respektere kvarandre. 
- Førdefestivalen er eit kulturelt diplomati, sa statssekretær Bjørgulv Borgundvaag
i opningstalen på festivalen i sommar. Orda hans vart til musikk. Til dans. Til glede.

6.-10. juli 2016 vil Førde igjen bli ein internasjonal smeltedigel, når
verda kjem verda til Førde for 27. gong!

Vi takkar for samarbeid og støtte, ønskjer dykk ei god og fredeleg julehelg.

Helsing oss alle på Førdefestivalen

Hilde, Lene, Torill, Sølvi, Ingebjørg og Fride

Gasta Design