Førdehuset

Om

Førdehuset er Førdefestivalen sitt hjarte. Her har vi fleire konsertsalar - og utfanfor hovudinngangen vil det vere ei billettbod under heile festivalen.

NB! Kapasiteten som står oppgitt nedover i teksten, er ikkje gjeldande for 2021,, då vi på grunn av koronarestriksjonar ikkje har høve til å ha meir enn 200 personar på innandørs arrangement. Dette kan bli justert, dersom smittesituasjonen i Norge endrar seg til det betre.

Idrettshallen
Festivalen si storstove med 1900 sitjeplassar. Idrettshallen er arena for dei største konsertproduksjonane: Opningskonsert (torsdag) og gallakonsert (laurdag), ein stor konsert fredag kveld og ein på dagtid søndag. Nummererte sete på golvplan i deler av salen.

Storsalen
Den store kinosalen er ein flott konsertsal med 430 sitjeplassar i amfi og 110 på galleri.

Festsalen
Konsertsal med 180 sitjeplassar i konsertoppsett, og 100 i kaféoppsett. Festsalen har parkettgolv, og vert brukt både til konsertar og dansearrangement under festivalen. 

Teatersalen
Intim konsertsal med 150 sitjeplassar i amfi. 1. etasje.

Utstillingssalen
Intim sal som vert innreia til internasjonal bokkafé under festivalen. Møt-artisten-sesjonar og liknande arrangement.  50 sitjeplassar. 1. etasje.

Kunstsalen
Intim sal som vert brukt til debattar, foredrag og mindre arrangement. 30-50 sitjeplassar. 2. etasje.

Kart

 

Førdehuset
Angedalsvegen 5
Postboks 338
6802 Førde

E-post: kultur@forde.kommune.no
Telefon: 57 72 19 00
Mobil : 97 12 14 00

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Neste
Neste

Førde Barneskule